Vår tid!

Korte og lengre artikler om vår egen tid, sett i lys av Bibelens ord om nåtid og framtid. Blant alt det som skjer dag for dag skal vi hente ut noe som kan være av spesiell interesse for Guds folk.
.

mandag 29. oktober 2012

9) Jøden Rabinowitz

Eg har nett lese biografien om Maritz Rabinowitz, jøden som kom til Noreg som unggut og til slutt slo seg ned i Haugesund som handelsmann. Då krigen braut ut 9. april 1940, rømde han innover til Ryfylke. Han var ei stund i Hogganvik, kom så til Dalen i Vikedal og seinare til Sunnhordland. I desember 1940 vart han teken av tyskarane og etter kvart sendt til Tyskland som fange. Der døydde han 27. febr. 1942.

Det er Arne Vestbø frå Sandeid som skriv boka. Han har granska mykje og tala med folk som kjende Rabinowitz. Boka er spanande og opplysande på fleire måtar. Mange i vårt distrikt kjenner litt til han, men her er truleg nye opplysningar for mange.

Det som undrar meg mest, er den antijødisme eller motstand mot han av di han var jøde. Den var både i folket og kanskje særleg mellom handelsfolk. Det lukkest svært godt for jøden, og dei følte kanskje konkurransen for sterk. Og dette var før krigen braut ut.

Men då han var på rømmen, viste det seg at fleire nordmenn hjelpte han på mange måtar. Og det var vanlege folk. Difor var det ikkje nokon klassisk antisemitisme i dette tilfelle. Dei såg han trong hjelp, og var med med fare for sitt eige liv. Dei viste han til og med ein utveg til å flykta frå landet - med båt frå Bømlo til Shetland. Men han sa nei.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar