Vår tid!

Korte og lengre artikler om vår egen tid, sett i lys av Bibelens ord om nåtid og framtid. Blant alt det som skjer dag for dag skal vi hente ut noe som kan være av spesiell interesse for Guds folk.
.

lørdag 24. november 2012

16. Gaza.

Krigen i Gaza rasa i mest ei veke der Israel og Hamas skaut på kvarandre. Nå ser det ut til at dei har snakka saman så mykje at dei vil ha ein pause. Men meir vert det truleg ikkje. Begge vil truleg ha fred, men dei definerer freden heilt ulikt.

Israel treng trygge grenser. Når dei vert truga, må dei svara og visa at dei er viljuge å forsvara freden. Det handlar ikkje om å utvida landet til eit Stor-Israel som somme seier. Det er bomskot, trur eg. Men i alle åra etter 1948 har dei opplevd motstand mot at dei er i landet. Difor har dei oppgradert forsvaret sitt år etter år.

Palestinarane ser ut til å framleis definera fred på den måten at jødane må ut av heile Israel.Det var Arafat sin plan og det står ennå i Hamas sitt charter. Korleis vil dei då ha fred?

Shalom tyder meir enn fråvær av krig, det er godleik og tryggleik og venskap osv. Positive ord om framtida.

Men ein førebels "fred" er likevel bra. Skal den verta varig, må palestinarane og hamas visa i praksis at dei sluttar å skyta for godt. Eg synes at dei ikkje kan venta opne grenser alle vegar så lenge dei skyt. Det må likevel ha vore nokre opne portar ettersom dei har fått nye, tunge skyts og mykje ammunisjon. Ynskjer dei fred, må dei leva fredeleg sjølv også.

Om Israel på si side alltid handlar klokt og rett, kan eg ikkje seia mykje om. Men dei er menneske slik som me alle og kan menneskeleg tala ta feil. Det gjorde dei også i den gamle tida - i kongetida i GT t.d.

Me kristne må på vår siden vera varsam med å døma det me ikkje kjenner godt nok til. Og så må me vera flittige til å be for landet og folket. For det er eigentleg berre Gud som kan rydda opp i denne konflikten. Men han har sin eigen tidplan, og den er ukjend for oss. Me kan berre "bie og bede".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar