Vår tid!

Korte og lengre artikler om vår egen tid, sett i lys av Bibelens ord om nåtid og framtid. Blant alt det som skjer dag for dag skal vi hente ut noe som kan være av spesiell interesse for Guds folk.
.

lørdag 17. november 2012

15) Krf.

Krf har avklara eit par ting nett no. Det er val av Grøvan på topp i Vest-Agder og Dagrun Eriksen er difor på sidelina i sitt eige fylke. Ho var vore mykje aktiv, men eg synes ikkje ho har hatt eit klårt syn på tilhøve mellom kristendom og politikk. Det er nok eit vanskeleg felt. Difor må det klåre signal til. Eg kjenner lite til Grøvan, me får vona og venta at han heiser eit reint flag og står for sin kristne tru på bibelsk grunn.

Også Hareide vart som venta sett på førsteplass i Hordaland. Dei kunne vel knapt anna der, sjølv om det var andre habile folk. Mykje vil vera opp til dei andre kandidatane og - om dei vil stå på den gamle grunn utan å vera gammaldags, eller dei vil fylgja nye signal. me må fylgja nøye med no.

Andre parti har det same strevet der somme blir vraka og såra og nye kjem inn.
Til neste haust vert det eit spanande og avgjerande val for framtida. Det er litt av kvart dei må retta opp, så langt me lekfolk kan skjøna.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar